Sal i Søndre

At alt vart dyrt og fjongt i Fana bydel, det trudde du kanskje!? Då har du ikkje møtt på desse to luringane på Jernia på Nesttun Senter.

Superforbrukaren vart først merksam på den søte lille grisen som ein kan sette sine tannpirkarar nedi. For berre kr 29,- kan du tilfredstille sjølv den mest fornemme gjest etter eit godt måltid heime hos deg i den 55 kvadratmeter store leiligheita på Minde ved å tilby tannpirkarar frå denne smakfulle karen. Men kva der? For same pris får du også ei fløteku som er fire gongar så stor, og minst like smakfull.



 

Det er ingen tvil om kva tilbod den kløktige Superforbrukaren vel. Det må merkast at fløtekua hadde eit vel markert rompeparti, men likevel: Ho er lett...




Høgfjellstilbod

Som mange andre nordmenn, er Superforbrukaren glad i å gå på tur på fjellet om søndagane. Det er viktig å halde seg i form om ein skal behalde det skarpe blikket for dei gode tilboda langs Vestlandet. Kropp og sinn, hand i hand. Denne søndagen fekk Superforbrukaren ei rekke gode tilbod med på turen. Det viste seg at høgfjellet også kunne by på ein butikk av det heilt store formatet. 

Sjølv om den lille, men velfylte, butikken bugner over av gode tilbod, ønskjer vi å trekke fram dei beste av dei beste. Men for å balansere inntrykket, vil vi også trekke fram nokre riktig dyre skrekkeksempel. Det første først. Og aller først støtte Superforbrukaren på eit flott utval av capsar. For kr 25,- får ein ein flott hestecaps med sydd kvalitet. Endå betre stilt er det i den andre korga: Elgcaps til berre kr 10,-! 

 

Kvifor elg er 15 kr billigare enn hest, er vi ikkje innforstått med, men etter å ha gjort ei totalvurdering på både pris, utforming og funksjonalitet, investerte vi til slutt i begge to. Sjå kor flott!



På innsida av butikken fann vi ein båt til den nette pris av kr 59,- Men etter endå meir leiting dukka det opp ein båt med flaske til berre kr 15,- Altså får ein dobbelt så mykje for 44 kronar mindre. Det gjeld med andre ord å gjere gode undersøkingar. OBS OBS! Vi fann også ein mindre båt med flaske til 35,- Styr unna!

Rosinen i pølsa er likevel å finne lengst inne i lokalet i høgfjellsbutikken. Anten ein skal på jakt etter middels raskt storfe, på friidrettstrening eller berre vil skremme folk litt, treng ein sjølvsagt eit spyd. Og her får du nettopp det for... Hald deg godt fast i det du måtte ha av faste ting! 99 KRONAR! Kor vilt er ikkje det? Stort, flott, farlig, og farlig billig.

 



Men det er altså enkelte ting du som forbrukar bør styre unna. Superforbrukaren skjønar at kvalitet kostar, og dette klistremerket er veldig flott. Men 105 kronar er i meste laget.


Likeins skjønar vi at vi er på høgfjellet, og at transport dermed ikkje er gitt bort. Men 1200 kronar for taxi er også meir enn ein bør trenge å ta med seg i portemonéen.


Heilt til slutt ønskjer Superforbrukaren å sende ut ei melding til alle, ei melding som er viktigare enn opplysning om gode tilbod. I ei tid kor kjøpepress og kommersialisering er store rørsler i samfunnet, vil vi minne om at det beste i livet trass alt er gratis. Og denne utsikta frå høgfjellet er rett og slett priceless.




Badji, Badji, Badji, Badjo, Chicachicachicachicachicacho - eit superkjøp!

Tekst trykt som gjesteinnlegg i Brann-fanzina En fot i virkeligheten #3:

Superforbrukaren, som til dagleg studerer ulike tilbod på gateplan på Vestlandet, sjå superforbrukeren.blogg.no, har gjort ei analyse av Badji, og kome fram til at dette var eit godt kjøp av dei raude frå Idrettsvegen (Sportsklubben Brann).

 

Badji er ein ung spelar frå saftbygda Sogndal, opphavleg Senegal, kjent som saftlandet i Afrika. Relasjonen Sogndal- Senegal er for øvrig kanskje ein av dei viktigaste faktorane for at Sogndal har vore ein toppklubb i Noreg dei siste 20 åra. I vurderinga av prisen, må ein sjå på historisk pris og kva pris ein kan forvente i framtida. Og går ein bak dei tabloide overskriftene i media, og ser på denne overgangen analytisk, kan det vise seg at Brann har gjort eit varp. Vi har laga ein eigen Badjigraf som skildrar marknadsverdien til Badji i framtida.



I 2011 var Badji ein ukjent spelar som budde i Senegal (spelte fotball, røykte hasj og drakk saft), og vi set derfor prisen til kr 0. I 2012 kjøpte Sogndal han for 1 million kr. Der imponerte han med sin målteft og duellstyrke slik at Brann kjøpte han for 7 millionar kr i 2013. Det vil seie at frå 2012 til 2013 har marknadsprisen gått opp med 600%, noko som kan gjere Badji til ei svært lukrativ investering. Held utviklinga fram, slik at Badji stig 600% i verdi kvart år, vil Brann kunne selje Badji for 42 millionar kr i 2014. Eit superkjøp med andre ord!

 

Endå meir imponerande er prisutviklinga viss ein berre ser på vinteren 2012. Brann bydde to millionar kr for Badji etter sesongslutt, og endte opp med å kjøpe han for sju millionar kr like før seriestart. Det betyr at i løpet av vinteren har marknadsprisen gått opp med heile fem millionar kr. Mykje tyder på at Badji har gjort ein svært solid jobb på treningsfeltet i vinter. Onde tunger vil hevde at dette også seier noko om forhandlingskompetansen til SK Brann, utan at vi har noko grunnlag for å meine noko om det. Vår konklusjon er at Brann har kjøpt gull frå Senegal til prisen av kobbar.

 

(Superforbrukaren har mest fokus på analyser og tal, men har også snubla over eit interessant rykte frå undergrunnsmiljøet i Sogndal, som kan vere med på å forklare kvifor Badji ville skifte klubb. Som mange har fått med seg vart det slutt mellom Tone og Aksel, men kvifor det skjedde er det få som veit. Heilt uoffisielle rykte går ut på at Tone på ei heimreise til Sogndal fall pladask for den muskuløse saftdrikkaren frå Senegal. I etterkant av dette har det vorte svært mykje folkesnakk i den vetle bygda, og til slutt vart det for mykje for Badji som ville vekk til ein større stad der han (og kanskje saman med Tone) kan ha privatlivet sitt meir i fred. For å ikkje få PFU på nakken, har vi sett dette avsnittet i parentes. Dette skulle jo dreie seg om prisutvikling, trass alt!

Hei hei, skoskjei!

Ikea er sjukt billig! Superforbrukaren på laurdagsshopping dumpa over denne feiande flotte skoskjeia til den oppsiktvekkande prisen kr 9,- 




Skoskjei har som sin viktigaste funksjon å sørge for at ein greier å på seg sko, sjølv om skolissane er knytt igjen. Då sparer ein tid, og dermed også pengar. Men i tillegg har den ei rekke funksjonar som gjer at ein med litt godvilje kan få kvar funksjon for under 1 krone. Etter Superforbrukaren si vurdering, har dette produktet totalt elleve funksjonar, noko som gir dette reknestykket: 9 kr / 11 funksjonar = 0,82 kr/funksjon.

Sjå her:



Ei råflott slange som kan dukke opp bak andre ting. Perfekt for barna,

 



Ei slange som kan gjøyme seg over døra. Skremme folk som kjem inn litt.

 



Flott dekor med praktisk hengefunksjon. Har ein mange nok, treng ein ikkje bilder på veggene.

 



Ein slager på bursdagfest: Ta halen av reven!

 



God til bruk ved bomgjøymespel

 



Røyrepinne til matlaging

 



Hente ned ting som ligg høgt oppe

 



Hjelpemiddel for veldig låge menneske som skal opne døra (Universell utforming, der altså)

 



Barnesikring, heilt enkelt

 



Kanskje ikkje så praktisk for kvarmansen, men for dei som krev inn NRK-lisens kan skoskjeien vere eit billeg og og godt verkemiddel i arbeidet med å fakke dei som forsøker å snylte på statskanalen. Pass opp!

Eit tilbod og eit tips på Strandkaien

Får du eit tilbod på Strandkaien, vert du som regel noko aktsam, vender hovudet lett tilbake og kjenner godt etter i den muskelen som avgjer kva som er rett og kva som er galt. Går du her og får eit tips, er det mest gatesmarte vanlegvis å gjere det motsette. Men her skal du få båe delar med Superforbrukar-garanti for trygg og topp handel.

 

Vi tar til med tilbodet: Langs den flotte kaien finst det ein butikk utan namn, men som vi for å gjere det enkelt kan kalle for «Halv pris av prislapp». Om du ser nøye på bildet under, kan du sjå ein katamaran i bakgrunnen. Sjå etter den og finn «Halv pris av prislapp» på motsett side av gata.

 








Midt mellom deilege småtilbod som digital fotoramme til 450,- og røykvarslar til 75,- (informasjonen er tvetydig her: Kostar produkta halvparten av dette? Ein million kronar til den som finn ut av dette - send ein e-post til superforbrukaren@broadpark.no), finst ein riktig stor godbit av eit tilbod: Pilgrim nedsett med 50%. Kor elles kan ein finne det? Her gjeld det å kjenne si vitjingstid mandag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag eller laurdag - altså dei dagane «Halv pris av prislapp» er ope.

 

 

 

Og så tipset. Dei fleste Superforbrukar-fans er oppegåande nok til å kjenne omgrepsparet «tilbod» og «etterspurnad», og korleis desse normalt sett påverkar pris. Når du ein varm sommardag går på Fisketorget og skal ha deg ein ny cowboyhatt, er det sannsynleg at du vil bli møtt av høge prisar.

 

Når du forsøker å prute, seier seljaren at etterspurnaden er så stor at han ikkje kan selje dei billegare. Men då drar du fram esset frå ermet; Du veit nemleg frå Superforbrukaren at tilbodet faktisk er endå større, og prisen bør derfor ned. Cowbyhattane er stabla i store høgder i lageret som har blitt snikfotografert og vist under. Den store etterspurnaden gjer at prisane går opp, men tilbodet i dette lageret bør gjere at prisane går kraftig ned. Noko å ta med seg når sommarvarmen snart senker seg over Bergensbyen.

 

Superforbrukaren vender tilbake

No er det snart vår, damene kler seg topplaus (slik som på stranda i Frankrike) og menn knyt genseren rundt livet. Då vaknar også Superforbrukaren til live. Og kor er det meir naturleg at blogginga startar enn på Danmarksplass, eit eldorado for oppdaging av nye tilbod. Dagen starta med minglerettar (tapas på spansk, fingermæt i stilen) på Prego Restaurant, men høgdepunktet kom når Superforbrukaren skulle ta ein kopp kaffe. Først var tanken ein Caffe Latte til 42 kr, ikkje så verst pris i seg sjølv. Men så kom supertilbodet, Caffe Latte m/smak til 46 kr. Det vil seie berre 4 kr for smak. Kven kan seie nei til noko slikt? Det er trass alt smaken som gjer at ein går på restaurant. Tipset er å drikke ein kaffekopp heime slik at ein ikkje treng koffein, for å så gå ned på Prego og be om smaken for 4 kr. Billeg og godt.

.  

Turen på Danmarksplass gjekk vidare forbi Solheim Kjøtt. Ein dyr butikk med luksusråvarer tenkjer nok einskilde, men då har ein ikkje studert tilboda godt nok. For på eit stort skilt utanfor butikken stod det at ein kunne få alle pølser for 119 kr. Greitt nok at 119 kr er litt mykje for pølser til vanleg, men slår ein til får ein sjukt mange pølser. Truleg har Solheim Kjøtt meir enn 100 pølser, og då vert prisen pr pølse berre rundt 1 kr pr stk. Og det er billeg! Sjølvsagt er ein avhengig av frysar heime for å kunne slå til på eit slikt tilbod, men det er ganske vanleg i 2013. Sjå bilete under som bevis på at butikken har mange pølser.

            

 

Danmarksplass, der Superforbrukaren får endene til å møtast.



 

 








 

Ein drope såpe her og ein drope såpe der

"Lano for liten og Lano for stor" heiter det i reklamen for denne norske såpa. "Mi-Lano" heiter det også i ei gammal reklamefilm som plagar oss kvar sommar.

Men for prismedvetne forbrukarar i alle aldrar gjeld det å halde tunga beint i munnen (evt. såpestykket hardt knuga mellom handflatene) når ein skal ut i butikken for å kjøpe seg meir såpe.

 

Mange av oss føretrekkjer nemleg såpe i flytande form, spesielt til dusjen. I utgangspunktet er ikkje det særskilt økonomisk smart ? flytande såpe er langt dyrare enn eit godt, gammalt såpestykke.

Dessutan er det lett for at ein trykkjer litt for hardt på trykkflaska, og sprutar ut langt meir såpe enn ein person strengt teke har nytte av. Då går dei edle såpedropane til spille, og endar i sluken saman med skitnevatnet.

 

Men sjølv om dei er latterleg billege: Såpestykke har som kjend ein tendens til å sprette ut av handa ? derav har me uttrykket "såpeglatt". Om ein då til dømes har litt dårleg syn, og det doggar fælt inni dusjen, blir det ei strevsam og tidkrevjande leiteaksjon. For ikkje å snakke om kva som kan skje i fellesdusjar. Det har me alle sett på amerikanske fengselsfilmar.

 

Difor altså: Flytande dusjsåpe. Men også då har me to val:

 

1) Ei splitter ny såpeflaske, med trykkfunksjon.

2) Ei påse med såkalla "refill". Det tyder at ein sjølv må klippe hol på påsa, finne fram sin gamle, tomme flaske, og helle den flytande såpa forsiktig ned i det altfor tronge holet. Ganske strevsamt og ganske klissete.

 

Likevel er det mange av oss som brukar å velje alternativ 2. Det er miljøvennleg, og strevet gjer oss dermed godt samvit. Dessutan brukar det å vere nokre kroner å spare med "refill".

Men her om dagen, då Superforbrukaren var på såpehandel, viste det seg at dette slett ikkje alltid er røynda.

 

Ei påse med refill Lano dusjsåpe kosta nemleg 22,90 på den lokale butikken. Plastflaska med trykkfunksjon, kork og ei praktisk hengefunksjon kosta 19,90.

 

Med andre ord: Eit langt betre, meir praktisk produkt var tre kronar BILLEGARE enn det upraktiske alternativet. Valet var lett, og den gamle flaska gjekk rett til Rådalen.

 

Synd for miljøet, i grunn. Men tre kroner er trass alt tre kroner.

 

 

LANO FOR SLØSARAR OG LANO FOR SUPERFORBRUKARAR: På Safari på Støletorget har dei såpetilbod for kvar ein smak.

Ta sommarklippen hos Mode frisør

 

Ein gong då Superforbrukaren gjekk på barneskulen overhøyrde bloggaren ein samtale på bussen. Ei korthåra jenta fortalte ei anna jente at ho no tenkte at ho skulle spara til langt hår, for ho hadde så lyst til å ligge med gutar og gutar vil helst ligge med jenter med langt hår. (Ho hadde hatt ein tørkeperiode under den punka korthåra tida, sa ho.)
Dette er ei setning Superforbrukaren aldri har gløymd.

For nokre dagar sida dukka ei liknande problemstilling opp. I ein opprivande samtale blei det sagt at gutar helst vil henge ut med jenter med lugg, men ligge med dei uten.
Jenter som vel pannelugg er kulare typar, mens midtskil og langtjafsane er finare og ein får ikkje har hår i augene medan ein er naken saman med dei.

Superforbrukaren er ikkje einig og synst folk på slutten av dagen er finast akkurat slik dei er. Ja, faktisk kanskje finast med lugg, faktisk.
Det var derfor ei intens glede då Superforbrukaren oppdaga dette tilbodet på Mode frisør i sentrum.

 

 

Dameklipp m/føn kr 575
Dameklipp kr 480
Lugg kr 100
Herreklipp kr 380
Maskinklipp kr 280
Skjgg kr 140
Bart kr 95
Barneklipp t.o.m 5 år kr 250
Barneklipp t.o.m 15 år kr 300

 

Det er mykje som kan lesas ut av desse talla. Fyst vil Superforbrukaren anbefale alle å føne håret heime då det kostar 95 kroner ekstra. (Same pris som klipp av bart. Ok pris.) Elles er det heilt greie prisar jamt over, men det er ein klipp som skillar seg ut. Luggklipp. Her kan alle jentene suse inn og få snaisa lugg i alle fasongar før dei skal ut for å ligge med folk. (Det er gratis å stusse luggen hos Adam og Eva, men vi er ikkje ein hippieblogg så vi likar at ting kostar litt.)

 

 

Ikkje nok med det. På Mode frisør har dei også andre tilbod. Ein frisk shampo frå Matrix gjer deg også eit hipt termokrus som du kan drikke kaffi, kakao og te av med ny lugg.

 

 

 

Til slutt har dei også eit tilbod på Full head Set Clip in Extension. Dei seier det er eit supertilbod sjøl. Til kroner 1600 kan du bli skikkeleg langhåra. Og siden Mode seier det er eit supertilbod tar Superforbrukaren dei på ordet, men innrømmer at extension ikkje er det vi veit mest om.




Dette hadde vore noko for ho korthåra jenta på bussen som hadde hastverk med å få langt hår og finne nokon å ligga med.

Ei klassereise over sju fjell

Superforbrukaren og dens assosierte medarbeidarar kviler aldri. Spesielt ikkje når det er sjufjellstur i Bergen, og tusenvis av menneske slit seg gjennom 35 kilometer med til saman 2800 høgdemeter. Det gjeng opp og det gjeng ned, og resultatet er sårt skritt og stive bein i dagar etterpå.

 

Men i dei ti timane det tok den støle superforbrukaren å sigre over dei sju fjell, vart det også tid å gjere seg nokre tankar om korleis pengeboka skal bli minst mogeleg sår av ei slik tur.

 

Det fyrste poenget er sjølvinnlysande. Det kostar nemleg masse pengar å vere offisiell deltakar på sjufjellsturen. 400 kroner kosta det, med rabatt. Rett nok får ein då ei (ganske stygg) t-skjorte i såkalla teknisk, glatt materiale (les: polyester) ved målgang, men elles er "vara" avgrensa til eit startkort som vert klippa på kvar topp, slik at ein skal kunne prove at ein faktisk har vore der.

Ny teknologi gjer at eit slikt klippekort strengt teke ikkje er naudsynt lenger. Ein i superforbrukarens følgje valde i staden å nytte lure duppedingser på mobiltelefonen, kopla med bilete frå kvar topp. Det må vere prov nok, og er heilt GRATIS.

 

Så til hovudpoenget: Ungar i alle aldrar med kapitalistiske genar nyttar høvet til å pushe saft, bollar, vaflar, pylser og anna freistande til dei 8000 som tråkkar gjennom nabolaga deira. Og her gjeld det å kjenne si vitjingstid. Ei komparativ analyse avslørar nemleg at prisane varierar sterkt mellom bydelane og sosiokulturell bakgrunn.

 

I ytre Laksevåg, i hillbilly-stroket kalla Banuren, stod ei beskjeden jente med mor og selde saft eller kaffi for berre FEM kroner. Eit stykke nydeleg sjokoladekake kosta også berre fem kroner.

 

-Me gjer det berre fordi det er koseleg, sa mora.

 

 



ARBEIDARKLASSE:  Jenta i Banuren var ingen grisking, og nøydde seg med fem kroner for saft og kake. Då var turvandrarane snare med å leite etter lommeboka.

 

 

Nokre timar seinare, i overklassestroket Kalfaret, stod eit fremmeleg syskenpar og tilbydde saft og kaffi til TI kroner. Dei hadde også dyrare alternativ, kald og freistande cola til TJUE kroner.

 



HØGARE MIDDELKLASSE: Syskjenparet i Kalfaret var hyggjelege, men er innprenta andre verdier. Kvifor nøye seg med fem, når ein lett kan ta ti kroner?

 

 

Med andre ord hadde prisen dobla seg på eit par mil. I arbeidarklassestroket var det kos og kostpris som stod i sentrum, i overklassestroket var det utbytting av slitne og tyrste vandrarar.

Konklusjon: Det gjeld å hamstre saft og kake tidleg i løypa.

 

Det høyrer med til historia at deltakarane dei siste kilometrane vert overøysa med heilt GRATIS saft frå ei hageslange og flaskar med noko ufyseleg plastikkaktig som heiter Yt.

 

Freistande flott fjøsdress frå finansbyen Førde

Superforbrukaren likar seg svært godt i Sogn og Fjordane. Fylket kan skilte med byråkrati på nasjonalt toppnivå i Leikanger, kulturstaden Stadt og kjende TV-personar som Einar Førde (kringskastingssjef) og Solfrid Karadaz (Villa Medusa).  Men først og fremst er det dei gode tilboda som gjer Sogn og Fjordane interessant for superforbrukaren. Tidlegare har bloggen sett på fargerike joggesko i Stryn og Sogndal, samt store porsjonar med mat i Nordfjordeid. No er turen kome til Førde, finanssentrum i trivselsfylket. Men der andre regionale finanssentrum mister fotfeste, og folk går rundt kledd i dressar  frå merke som Armani og Hugo Boss, er det heilt andre dressar som pregar tilbodsplakatane i dynamiske Førde. No kan ein faktisk få marineblå fjøsdress til kr 150. Ordentleg pris er kr 498, det vil seie 70 % rabatt!  Knallpris for eit godt produkt til både arbeid og fritid.



Les mer i arkivet » Mai 2013 » April 2013 » Mars 2013
hits